Killingdans by Arne Garborg
Killingdans by Arne Garborg

Killingdans

Arne Garborg * Track #19 On Haugtussa

The music player is only available for users with at least 1,000 points.

Download "Killingdans"

Album Haugtussa

Killingdans by Arne Garborg

Performed by
Arne Garborg

Killingdans Annotated

Aa hipp og hoppe,
og tipp og toppe
paa denne Dag;
aa nipp og nappe,
og tripp og trappe
i slikt eit Lag.
Og det er Kjæl-i-Sol,
og det er Spel-i-Sol,
og det er Titr-i-Lid,
og det er Glitr-i-Lid,
og det er Kjæte
og Lurvelæte
ein Solskinsdag.

Aa nupp i Nakken
og stup i Bakken,
og tipp paa Taa;
aa rekk i Ringen,
og svipp i Svingen,
og hopp-i-haa.
Og det er Steik-i-Sol,
og det er Leik-i-Sol,
og det er Glim-i-Lid,
og det er Stim-i-Lid,
og det er Kvitter
og Bekkje-Glitter
og lognt i Kraa.

Aa trapp og tralle,
og Puff i Skalle,
den skal du ha.
Og snipp og snute,
og Kyss paa Trute,
den kann du ta.
Og det er Rull-i-Ring,
Og det er Sull-i-Sving,
og det er Lett-paa-Taa,
og det er Sprett-paa-Taa,
og det er hei-san,
og det er hopp-san,
og tra-la-la.

Your Gateway to High-Quality MP3, FLAC and Lyrics
DownloadMP3FLAC.com