No har han vorte koko i skallen
No tusla han rundt i ring
Det skjedde då mor hass drog
Og han mått stelle hagjin sin
Det va lettvint tå mor hass
Å berre seile burt frå alt
La godguten bi åleine att
Med kokkelering tå mat
Husstell og butikkjag
Upp or sengji kor dag
Du veit alder når sviket kjem
Det ramma alltid heidersmenn
Dei hadde grei arbeidsdeling
Det va alder bråk om det
Ho styrde inne – og ute
Og han tok ansvar for ved
Ho likte å jobbe nott og dag
Og han va alltid i kjempeslag
Du veit alder når sviket kjem
Det ramma alltid heidersmenn
No er han redusert te ein liten mann
Sjølv om han kjem frå vikingland
Nokon har dårleg hjartelag
Nokon har dårleg hjarteslag
Eg kjenne so altfor mange
Kjekke kara som fekk svi
Stanga på åleine
Med so mykje å gi
Du veit alder når sviket kjem
Det ramma alltid heidersmenn
Du veit alder når sviket kjem
Det ramma alltid heidersmenn