Vatn og Ved by Saft (NOR)
Vatn og Ved by Saft (NOR)

Vatn og Ved

Saft (NOR) * Track #9 On Norsk rock på norsk

Vatn og Ved Lyrics

[Vers 1]
På garden under steinen
For meir enn hundre år
Sju koner hadde gubben der
Men alle datt i elva

[Refreng]
Ja alle datt i elva
Og sette livet til
Dei skulle hente vatn og ved
Og så datt dei i elva

[Vers 2]
Den fyrste heite Anna
Og ho fekk elleve små
Men så kunne ho ikkje fleire få
Og då datt ho i elva

[Refreng]
Ja så datt ho i elva
Og sette livet til
Ho skulle hente vatn og ved
Og så datt ho i elva

[Bro]
Og elva var kald og våt
Men at gubben sto bak og gråt
Nei om da seier soga ikkje eit knyst
Han kunne seg sno, skal tru om han lo?

[Vers 3]
Den andre hadde bein i nasen
Ho fekk det som ho sku
Men ein ting rekna ho ikkje med
Og då datt ho i elva

[Refreng]
Ja så datt ho i elva
Og sette livet til
Ho skulle hente vatn og ved
Og så datt ho i elva

[Vers 4]
Den tredje heitte Malla
Så kjærleg, øm og varm
Men ho vart ikkje vidare heit
Da ho datt rett i elva

[Bro]
Og elva var kald og våt
Men at gubben sto bak og gråt
Nei om da seier soga ikkje eit knyst
Han kunne seg sno, skal tru om han lo?

[Vers 5]
Og same kaldige lagnaden
Fekk dei alle sju
Dei skulle hente vatn og ved
Og så datt dei i elva
Og då vart gubben aleine
På sine siste år
Og han vart både gammal og grå
Men han datt ikkje pau elvi

[Refreng]
Og elva var kald og våt
Elva var kald og våt
Elva var kald og stri og våt
Han kunne seg sno, skal tru om han lo?

Vatn og Ved Q&A

Who wrote Vatn og Ved's ?

Vatn og Ved was written by Ove thue.

Your Gateway to High-Quality MP3, FLAC and Lyrics
DownloadMP3FLAC.com