Sofaen du sat i er eit skip på veg mot nord
Skorne du tok av deg er to nesten like ord
Det du sa er bilete på veggen her eg står
Eg kan ‘kje lenger fatte at du var hos meg i går
Eg syng meg ein song før eg sovnar no i kveld
Det ligg ei hand kring mi, men det er eg sjølv som held
Så slår eg songen kring meg før eg legg meg, som eit pledd
Og veit, trass alt, at verre ting enn dette kunne skjedd
Ja, eg slår songen kring meg før eg legg meg, som eit pledd
Og veit, trass alt, at verre ting enn dette kunne skjedd
Natteskjermen lyser med eit brev du skreiv ein vår
“Dette er det største som har hendt på mange år”
Byen er ei øy, og eg er Robinson der
Fredag sette skorne att med kurs mot fjerne skjer
Men eg slår songen kring meg før eg legg meg, som eit pledd
Og veit, trass alt, at verre ting enn dette kunne skjedd