Det står skrive nokon liner
På ein lapp i lomma mi
Og i morgon viss du ringer
Skal eg lesa om du vil;
Desse orda som har teke meg
Og lyft meg til ei sky
Opp’ på himmelen
Det står skrive i kvar åker
Som eg ser her som eg sit
Og eg veit det stod i bylgjene
I havet, såg eg dit
Men på trammen din der står det
Og det lyser like hit
Opp’ på himmelen
Ja det står i alt eg minnes
Og det står i alt som skjer
Eg skal vise, eg skal vise
Deg det eg om du kjem her
Tak vengene dine på
Og kom hit å sjå!
Det du skull’ i dag det kan du gjera etterpå
Eg trur ’kje du skal ringe
Du lyt koma hit å sjå
Me kan sitje her og dingle
Nyte himmelkvelven blå
Og så trur eg at det passar at eg les dei linene då
Opp’ på himmelen