Djupe Andedrag Lyrics

[Sangtekst til "Djupe Andedrag"]

Fyste dagen var den dag då eg såg deg
Og mitt ville hjarta sprang med sjumilstøvelsteg
Og eg høyrde fuglane som til meg song
At eg var kjær for fyste gong

Ikkje visste eg om kjærleik varte ved
Men mitt ville hjarta kunne ikkje halde fred
Og eg såg det tydeleg i sol og sky
At heile verda var som ny

Mor mi seier alltid det eg gjer, det gjer eg heilt
Eg stupar ut i livet, no og då så går det feil
Eg lærer visstnok aldri, men eg kjenner det så klårt
Eg elskar deg med sterke hjarteslag
Ja, eg elskar deg i djupe andedrag

Fyste gongen har sin eigen melodi
Og mitt ville hjarta song som fuglen i det fri
Og eg visste hjarta mitt må syngje så
Når du kjem nær som du gjer no

Mor mi seier alltid det eg gjer, det gjer eg heilt
Eg stupar ut i livet, no og då så går det feil
Eg lærer visstnok aldri, men eg kjenner det så klårt
Eg elskar deg med sterke hjarteslag
Ja, eg elskar deg i djupe andedrag

Mor mi seier alltid det eg gjer, det gjer eg heilt
Eg stupar ut i livet, no og då så går det feil
Eg lærer visstnok aldri, men eg kjenner det så klårt
Eg elskar deg med sterke hjarteslag
Ja, eg elskar deg i djupe andedrag

Your Gateway to High-Quality MP3, FLAC and Lyrics
DownloadMP3FLAC.com