Undergang by Stein Torleif Bjella
Undergang by Stein Torleif Bjella

Undergang

Stein Torleif Bjella * Track #1 On Heim for å døy

Undergang Lyrics

No kjem det tomme i tunge velt, som godstog jøno hogstfelt
Eg skulle sjølsagt vore blid, Norge er so rikt høyre eg dei si
Lei tå dei som flutte ut, eg går og vasa i nedlagte bruk
Eg ser ned, eg veit det eg veit, eg lengta etter deg og nærheit

Eg såg for meg ein togtur, me kunne ha reist dit fleire bur
Eller berre sykla Ål rundt, det kunne ha vore fysisk sunt
Svinga bortom demningen, det kunne ha hjølpt på stemningen
Kanskje renn åne i fri flyt, kanskje renn ho stor og kvit

Du kom med undergang
Du kom med undergang

Kunne ha reist innimellom te det vatnet eg prata om
Som berre eg kjenne te, som ligg stille og hemmeleg
Som ingen ser frå Høgebrot, der eg har liggande ein båt
Rodd deg over stort djup, fiska langs grunnen lengst ut

Du kom med undergang
Du kom med undergang

Eg skulle forstått, for då du tok mi hand
Kjende eg altfor godt du bar på undergang

For å få luft og lys gjekk eg te vatnet i dag
Og heiv stein på stålis, det sang som paukeslag

Du kom med undergang
Du kom med undergang

Your Gateway to High-Quality MP3, FLAC and Lyrics
DownloadMP3FLAC.com